top of page
Malene-28.jpg

Våre produkter

Pøyg, Trave og vellagra Trave er ein halvfast kvitost laga på upasteurisert kumjølk.

I utsalget på garden får ein kjøpt våre eigne varer som ost, yoghurt og egg. I tillegg har me litt andre lokale produkter som eplemost, torka eple, honning, syltetøy, granola, knekkebrød og flatbrød. Vareutvalget kan variera litt frå sesong til sesong.

Pøyg-43.jpg

Pøyg

Pøyg er ein gamalt Ryfylkeuttrykk og tyder halvaksen gut. Pøyg er lagra i 3-6mnd og er den yngste osten og difor berre halvvaksen.

Berre pøygjen i osteverden. Ein allsidig ost som kan brukas til det meste.

Pøyg blei tildelt supergull i NM i ost 2021.

Trave

Trave er og eit Ryfylkeuttrykk, men meir kjent og brukt også i dag. Trave er ei ugagnskråke, ein luring. Iallefall har me nokre av dei i heimen. Trave er lagra i 6-12 mnd. Den kan variera på smak alt etter om me tar den ut frå lageret når den er 6 eller 12 mnd. Altså ein luring og passar difor godt navnet sitt, den traven. Den er like allsidig på Pøygen, men me litt meir smak.

Trave blei tildelt gull i oste VM i 2023.

Produkt-9.jpg
IMG_5832.jpg

Vellagra Trave

Vellagra Trave er den eldste. Den er lagra i minimum 12 månader. Den er kraftigare på smak, nøtteaktig og krystallisert. Passer godt både som kvess og som krydder på maten. Denne har me dessverre ikkje inne til ei kvar tid.

Ryfylkeosten

Me måtte jo ha ein ost som heitte Ryfylkeosten, etter tips frå Klostergården. Detta er ein kremost modna på mjølkesopp i 10-14 dagar. Den er nokså fersk då me pakkar den og er litt "tørr", men kan smøras. Den modnes vidare i pakningen og blir berre betre og betre og mjukare veke for veke. Osten kan oppføre seg litt annleis frå gong til gong. Ein spanande ost å handtere. Holdbarhetsdatoen er mest avgjerande for kor flytande den blir etterkvart.  For smaken, den er gjerne best då den kryp ut av begeret sitt sjølv. Ryfylkeosten fekk tildelt sølv i Oste VM i 2023 og 2024.

Ryfylkeosten-28.jpg
Yoghurt-11.jpg

Ryfylkeyoghurt

Naturellyoghurt som er drenert og krema. Den er søt, frisk og mild i smak og fyldig i konsistens.

Yoghurten fekk sølv i NM i ost 2021 og gjekk heilt til finalen i Det norske måltid 2021.

Hilde og Joar Hauge

Fistervegen 64

4139 FISTER

Tlf.nr. Joar: 97 18 45 15

Tlf.nr. Hilde: 97 63 57 91

post@ryfylkegardsysteri.no

Medlem av:

norsk gardsost.jpg
  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon

© 2025 HILDE HAUGE.
 

bottom of page